Trykt som innlegg i Klassekampen 23.10.2015 og på www.steigan.no 15.07.2017.  Ein tidlegare versjon stod i Adresseavisa 02.05.2015

NHO kom nyleg med krav om 478 milliardar til veg og 252 milliardar til bane i Trøndelag i perioden 2019 – 2022, og tilsvarande krav elles i landet.  Med andre ord ei kraftig satsing på ytterlegare vegbygging.  I motsett retning av dette, ser vi i Oslo ei forfriskande politisk plattform om bilfritt sentrum og redusert utbygging av nye motorvegar etter kommunevalet.   Men foreløpig har vi ikkje sett ein debatt om det grunnleggjande spørsmålet som må bli eit av premissa i debatten om norsk transportpolitikk:  Kor mange bilar kan vi eigentleg tillate oss i Noreg, sett ut i frå eit internasjonalt miljøperspektiv?