Mads Løkeland-Stai
Toggle Navigation
  • Heim
  • Energi
    • Vindkraft
    • Kraftliner
    • Solenergi
  • Forureining
    • Plast
  • Gruver
    • Sjødumping
  • Jordvern
  • Transport
  • Dok-arkiv
  • Lenker
  • Videoar
  • Du er her:  
  • Heim
  • Heim

Styrk jordvernet juridisk

Når jordvernet taper skuldast det oftast eit for dårleg juridisk vern. Eller at eksisterande praksis ikkje tek  omsyn til dagens lovheimlar, som skal verne nedbygging av dyrka  og dyrkbar jord.

Før var det jordlova som tok vare på dyrkajorda og slo fast at den skulle bli brukt til å produsere mat også i framtida: ”Dyrka jord må ikkje brukast til formål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtid”, står det i jordlova.  Om det hadde vore slik i praksis så hadde det ikkje vore naudsynt med styrking av jordvernet.

EUs taksonomi og vindkraft

EU har lansert eit opplegg for "miljøkarakterar" på energiproduksjon, der dei har sett strenge, men gode krav til vasskraft. Resultatet er at ein del norsk vasskraft, spesielt småkraft, ikkje vil kunne oppnå "grøn" karakter utan strenge miljøkrav. Dermed vil dei ikkje kunne selje krafta som grøn, og kan også få dårlegare vilkår for lån. Når det gjeld vindkraft, er det derimot ikkje like strenge krav. Ut i frå det, har vi sendt inn innspel til EUs behandling av dette, der vi peiker på ein god del av dei negative miljøkonsekvensane med vindkraft på land i Noreg, med utgangspunkt i Trøndelag.

Electric vehicles produced without dumping mining waste at sea

Nickel, Copper, Lithium, Cobalt and Graphite are some of the materials used in batteries for electric cars. Many mining companies will supply these materials, but following pressure from customers, car manufacturers are setting new and stricter requirements for how batteries are produced. The producers no longer accept that the materials have been extracted at the expense of nature, and many will not trade with mining companies using sea disposal. Norwegian companies planning to supply material for electrification, or to produce batteries themselves, should pay particular attention to this international development.

Forvrengt energipolitikk

Tidlegare var samfunnsoppdraget til kraftselskapa å skaffe nok energi, og dei gjekk ofte i spissen for energieffektivisering. I dag er det nesten berre kva dei tener på kraftsal som er styrande. Dei er gjerne bakpå når det gjeld energieffektivisering, men frampå for tiltak som kan auke prisen på kraft, eksport av kraft, og å byggje fleire kraftverk. Men kraftselskapa skal ikkje ha heile skulda for situasjonen. Her er det snakk om politisk vilje og styring når det gjeld framtida for norsk energipolitikk, og samfunnet totalt.

Energiøkonomisering og ressursbruk

Foredrag på Sund folkehøgskole 3. desember 2020. Målsettinga var å vise at ein kan erstatte fossil energi i Noreg med fornybar energi, utan nye kraftverk.

Vilkåret er reell satsing på energieffektivisering og biogass. Det vil gje kraftig kutt i utsleppet av klimagass, utan samtidig å øydeleggja naturen. I tillegg gir det overskot av elektrisitet til utvikling av industri og til nedlegging av vindkraftverk når konsesjonstida går ut.

Vindkraftulukker - vengebrot

Kor sikker er vindkrafta? Det er eit aukande tal ulukker omkring i verda, og turbinvengane er spesielt utsette. Har gjort eit forsøk på å samle informasjon om slike ulukker frå 2018-2020. Talet er kanskje ikkje så høgt, målt opp mot det store talet turbinar omkring i verda, men risikoen er der, og kor godt er den vurdert?

El-bilar utan dumping av gruveavfall i havet

Nikkel, koppar, litium, kobolt og grafitt er nokre av materiala som blir brukte i batteri til el-bilar. Mange gruveselskap vil levere desse materiala, men etter press frå kundane, stiller bilprodusentar nye og strengare krav til korleis batteria blir produserte. Produsentane godtek ikkje lenger at materiala har blitt vinna ut på naturen si rekning, og mange vil ikkje handle med gruveselskap som bruker sjødeponi. Norske selskap som planlegg å levere material til elektrifisering, eller sjølv produsere batteri, bør særleg merke seg denne internasjonale utviklinga.

Plast i jord - Foredrag under Økouka 2020

Plastsøppel i havet har heldigvis fått mykje omtale, og dette er eit verkeleg alvorleg problem som alle verdas land må ta tak i. Men plast i jord har det hittil vore snakka lite om. Nokre forskarar meiner at dette kan vise seg å bli eit like stort problem som plast i havet, ved at plasten påverker livet i jorda, blir teke opp gjennom røttene, og kjem inn i næringskjeda. Under Øko-uka hadde eg foredrag om dette 24.09.2020.  Plansjane til foredraget. Videoopptak

  1. Nullvisjon for plastsøppel?
  2. Ekstremt giftig stoff til utslepp i Førdefjorden?
  3. Ingen vindkraft i hubroens rike
  4. Avslutt arbeidet med Ytre Vikna II

Side 1 av 7

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • ...
  • 6
  • 7

Siste innlegg

  • Styrk jordvernet juridisk
  • EUs taksonomi og vindkraft
  • Electric vehicles produced without dumping mining waste at sea
  • Energiøkonomisering og ressursbruk
  • El-bilar utan dumping av gruveavfall i havet
  • Forvrengt energipolitikk
  • Vindkraftulukker - vengebrot

Back to Top

© 2021 Mads Løkeland-Stai