Nordic Rutile (Nordic Mining) har søkt Miljødirektoratet om å få bruke SIBX (natrium isobutyl xantat) i prosessen for å utvinne titandioksid (TiO2) frå ei planlagd gruve i Engebø. SIBX er ekstremt giftig for marint liv. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom leverte høyringsuttale til søknaden 4. sept 2020.

"Utslepp av eit kjemikal i Førdefjorden som er ekstremt giftig for vasslevande organismar er ei dramatisk endring i grunnlaget for utsleppsløyvet. Vi er kjende med at SIBX og andre Xantatar er «standardkjemikal» i verdas gruver når det gjeld prosessering av malm for å utvinne kopar, sink etc. Det som ikkje er standard, er å sleppe dette kjemikalet ut i sjø.

Det er eit storstilt eksperiment med ein frisk fjord å sleppe ut eit kjemikal som i datablad frå produsentane blir omtalt slik: «Highly toxic to aquatic life. May form complexes with heavy metals, increasing their uptake, ie fish may accumulate heavy metals more readily.» og «This material is toxic to aquatic organisms and should be kept out of sewage and drainage systems and all bodies of water.»

SIBX er eit ekstremt giftig stoff for vasslevande organismar, som ikkje under noko omstende må sleppast ut i Førdefjorden!

Les: