Selskapet Bindal Mining AS ønskjer å starte gruvedrift etter gull i Bogadalen i Bindal kommune. Gruveavfallet vil selskapet dumpe i Tosenfjorden, til stor skade for livet der. Restmassen vil slamme ned store område i botn av fjorden og har i tillegg eit stort innhald av Arsen. Naturvernforbundet nasjonalt og i Nordland, går sterkt mot planane, og sendte høyringsuttale til Bindal kommune 30.01.2020. 

Prinsipielt nei til unødvendig gullgruve

Det er ikkje samfunnsmessig behov for nye gullgruver. Det er enorme internasjonale lager av gull, og bi-produksjonen av gull i andre gruver er så stor at den årlege produksjonen på verdsbasis (3.150 tonn) er skyhøgt over industrielt og medisinsk behov på ca 400 -500 tonn/ år. I tillegg er det omfattande resirkulering av gull frå kassert elektronikk.

Bindal kommune bør avvise forslaget om å etablere ei gruve med store naturinngrep, som det ikkje er samfunnsmessig behov for

I tillegg mange andre grunner til å seia nei

Avvis dumpinga i Tosenfjorden

  • Vi reagerer sterkt på at det er planlagd å dumpe 200.000 tonn restmassar i Tosenfjorden kvart år, saman 3 millionar tonn, til skade for livet i fjorden gjennom nedslamming av botnlivet og spreiing av partiklar i vassmassane.
  • I tillegg er dette misbruk av ressursar. Det er ikkje greia ut om alternativ bruk.
  • Det er ikkje greia ut om tilbakefylling i gruva.
  • Restmassane er ekstremt finmale, og vil spreia seg i fjorden med straumane. Det vil vera eit vesentleg innhald av nanopartiklar.
  • Det er høgt innhald av Arsen, godt over grenseverdien for det som er akseptabelt i følgje Miljødirektoratets retningsliner for sjøbotn.
  • Sprengingsarbeid fører til ein del plastsøppel (avfyringssystemet), som vil bli finmale og spreidd som mikroplast i fjorden. Dette er ikkje vurdert.

Negativt for arbeidsplassar og for reindrifta

  • Dette dreier seg om korttids-arbeidsplassar, 20 tilsette i 15 år. Men det er ikkje vurdert negative verknadar i andre næringar, som reindrift, fritidsfiske, turisme etc. Ein fjord der det blir dumpa gruveavfall er ikkje beste reklame.
  • Gruva ligg i området til Voengelh-Njaarke Reinbeitedistrikt.
    Reinbeitedistriktet er mellom anna pressa gjennom inngrep frå vindkraft og vegbygging (E6).
    Gruva kjem i tillegg til dei andre inngrepa, og om planlagd utviding av E6 seier konsekvensutgreiinga dette: "Det er sannsynlig at vi nå er veldig nære en smertegrense for dagens reindrift i Voengel-Njaarke reinbeitedistrikt."

Les heile høyringsuttalen: 

bindalgull.pdf
Popular 216.01 KB
13/02/2020

Frå "Konsekvensutredning, Kolsvik gullprosjekt, Bindal kommune.": "Bindal Mining AS ble etablert i 1988, selskapets eier er Göran Rehn privat og gjennom Tallmohus AB, 21.400 aksjer, Patrick Juthberg 10.200 aksjer og Bengt Näslund 2.400 aksjer. Alle eiere er svenske, Göran Rehn og Patrick Juthberg er bosatte i Stockholm og Bengt Näslund i Uppsala"