Stod som lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 19.07.2018

 

Stans finansiering av forureining i havet

Ei grøn bølgje rullar gjennom det internasjonale samfunnet – kunnskapen om korleis havets framtid er truga av menneskeleg aktivitet.  Denne bølgja har no nådd store internasjonale bankar, og inspirert dei til ikkje å finansiere gruveselskap som dumpar gruveavfall i havet.  Dei fleste bankar og gruveselskap unngår i det stille slik dumping, men nokre har teke eit ekstra steg og klårt uttrykt at dei ikkje aksepterer slik praksis. 

Gigantbankane Standard Chartered Bank[i] og Citibank[ii] har ope erklært at dei ikkje vil finansiere gruver som dumpar gruveavfall i havet, og International Finance Corporation (Verdsbanken) [iii] unngår normalt slik aktivitet, og har så strenge reglar at det ville ha ekskludert alle åtte pågåande og planlagde norske gruver med sjødumping av gruveavfall.  Vi oppmodar andre bankar til å ta det same ansvaret for marint liv som Standard Chartered Bank og Citibank.

Kvar dag lærer vi meir om dei alvorlege trugslane mot havet, som søppel, forureining, klimaendringar, øydelegging av leveområde og spreiing av framande artar.  Dumping av gruveavfall i havet, ofte med høgt innhald av tungmetall og prosesskjemikaliar, kjem på toppen av alt dette.  Internasjonale avtalar som London-konvensjonen og -protokollen, forbyr dumping gruveavfall i havet frå skip, men dette omfattar dessverre ikkje avfall dumpa gjennom røyr frå land.

Havforskarar er bekymra, dei fleste landa har slutta med dette, og to av verdas største gruveselskap, BHP Billiton[iv] og Goldcorp[v], har einsidig erklært at dei ikkje dumpar gruveavfall i havet.  Berre Noreg, Chile, Tyrkia, Indonesia og Papua New Guinea har enno gruver som dumpar gruveavfall i havet, mens 99,4%[vi] av gruvene omkring i verda bruker andre metodar.

For å stanse denne utdaterte praksisen, har organisasjonen Earthworks, saman med førti organisasjonar over heile verda, lansert kampanjen Ditch Ocean Dumping (stans havdumpinga)[vii], der vi ber bankar om å stanse å finansiere gruveselskap som dumpar avfallet sitt i havet.

Vi oppfordrar det norske pensjonsfondet utland (oljefondet), andre store fond, bankar og finansinstitusjonar om å gjera det same som Standard Chartered Bank og Citibank, og erklære at det er i strid med deira miljøpolitikk å finansiere gruveselskap som dumpar gruveavfall i havet.

Vi må alle bidra i å ta vare på havet, vårt felles matfat, Noregs største ressurs, og havets uendelege store biologiske mangfald.

 

Mads Løkeland, Naturvernforbundets gruveutval

Jorunn Vallestad, Fagrådgjevar Naturvernforbundet

 

[i] https://av.sc.com/corp-en/content/docs/prohibited-activities-position-statements-standard-chartered.pdf   (10.07.2018 kl 11:20), PROHIBITED ACTIVITIES LIST, «Mining operations that conduct direct marine or riverine tailings disposal»

[ii] https://www.citigroup.com/citi/sustainability/data/Environmental-and-Social-Policy-Framework.pdf (10.07.2018 kl 11:20). Environmental and Social Policy Framework, April 2018.  Page 6: «Citi will not directly finance new mining projects within the boundaries of a World Heritage Site or ones that utilize submarine waste disposal.»

[iii] https://www.ifc.org/wps/wcm/connect/1f4dc28048855af4879cd76a6515bb18/Final%2B-%2BMining.pdf?MOD=AJPERES&id=1323153264157 (10.07.2018 kl 11:20), Environmental, Health, and Safety Guidelines, MINING, International Finance Corporation, World Bank Group, December 10, 2007: «Riverine (e.g. rivers, lakes, and lagoons) or shallow marine tailings disposal is not considered good international industry practice.»  Merknad: Definisjonen av «shallow» som alt mindre enn 400 meter kan ein finne i eit større bakgrunnsdokument som vart laga i forarbeidet til desse «Guidelines».

[iv] https://www.bhp.com/-/media/bhp/documents/investors/annual-reports/2016/bhpbillitonsustainabilityreport2016.pdf (10.07.2018 kl 11:50), bhp billiton sustainability report, 2016. Page 30: «We do not dispose of mined waste rock or tailings into a river or marine environment.»

[v] http://csr.goldcorp.com/2017/environmental-stewardship/waste-and-hazardous-materials-management (10.07.2018 kl 12:00). WASTE AND HAZARDOUS MATERIALS MANAGEMENT, Goldcorp 2017 sustainability report. «We do not dispose of any tailings in riverine systems or marine environments

[vi] International Assessment of Marine and Riverine Disposal of Mine Tailings, Final Report Adopted by the International Maritime Organization, London Convention/Protocol, May, 2013. Craig Vogt, page 19: «99.4% are using on-land disposal.» http://www.imo.org/en/OurWork/Environment/LCLP/newandemergingissues/Documents/Mine%20Tailings%20Marine%20and%20Riverine%20Disposal%20Final%20for%20Web.pdf

[vii] https://earthworks.org/campaigns/ditch-ocean-dumping/