28. juni passerte eg Folloparken, og kunne glede meg over ei sjeldan vakker blomeeng i skråninga ned mot gang- sykkelvegen langs Orkdalsveien. Insekta surra, og eg kunne forevige det vakre synet.

2. juli skulle eg same veg, og gleda meg til å sjå enga på nytt, men vart sørgjeleg skuffa. Alle blomane var vekk, og det stod berre att strie stumpar av gras.

Sørgjeleg for meg, som hadde gledd meg til å sjå den vakre enga på nytt, men verre for insekta og for fuglane som lever av insekt, og som i desse dagane har reira fulle av ungar. Kort sagt, eit tilbakeslag for det biologiske mangfaldet.

Eg håper at Orkdal vidaregåande skole tek ei vurdering av korleis ein best skal forvalte Folloparken, til beste for det biologiske mangfaldet, og gir blomeenga ein ny sjanse. Eg håper at ein neste år ventar med å slå enga til litt ut i august.

Den same diskusjonen gjeld kantslått langs vegane, der ein bør vente til seint på sommaren med slått. Slike blomeenger/ slåtteenger er ein viktig naturtype. Dei står oppførte på nasjonal raudliste for naturtypar, og Miljødirektoratet har gode rettleiingar for korleis dei bør bli forvalta.

Stod som innlegg i Avisa Sør Trøndelag 5. juli 2021