Kor sikker er vindkrafta? Det er eit aukande tal ulukker omkring i verda, og turbinvengane er spesielt utsette. Har gjort eit forsøk på å samle informasjon om slike ulukker frå 2018-2020. Talet er kanskje ikkje så høgt, målt opp mot det store talet turbinar omkring i verda, men risikoen er der, og kor godt er den vurdert?

Hent oversikt med referansar for vengebrot, oppdatert 02.11.2020 Informasjonen er i størst mogleg grad henta frå vanlege aviser, men i nokre få tilfelle er hendingane berre refererte i nettsider for grupper som arbeider mot vindkraft. Eg tek atterhald for eventuelle feil i informasjonen.