Energidirektør Brandsås meiner at vi er uredelege når vi hevdar at NTE vil ha meir vindkraft og ikkje er oppteke av energisparing. Veldig bra om vi oppfatta innlegget hans feil når det gjeld vindkraft, så då reknar vi at NTE ikkje klagar på avslaget om forlenga frist for Vikna vindkraftverk, og at dei avsluttar alt arbeid med Ytre Vikna II. Det vil vera til stor glede for mange, og til beste for naturmiljøet.

Når det gjeld energisparing, skriv Brandsås: «Mitt poeng er at energisparing er helt nødvendig, men ikke nok.»  Som vi skreiv, har regjeringa lovt 10 TWh energisparing i bygg innan 2030, og forskarar på NTNU/Sintef seier at 40 TWh mindre energibruk i bygg er fullt mogleg i 2040, det same som Arnstadutvalget sa i 2009. I tillegg til dagens overskot på 15 TWh (departementets tal) og energi frå oppgradering av gamle kraftverk, ser vi at det er meir enn nok energi til utfasing av fossil energi, utan nye vindkraftverk. Vi har tidlegare rost NTE for å oppgradere gamle kraftverk, og håper at det vil halda fram. Men hovudbodskapen vår er satsing på energisparing, som berre i bygg kan gje 40 TWh frigjort elkraft i 2040. I tillegg kjem energisparing i industri og andre sektorar.

Vi håper at Brandsås og NTE vil vise alvor med energisparing, og stå saman med oss og krevja innføring av «kvite sertifikat», som premiering av energisparing, slik det er gjort i 15 europeiske land.  Det er på tide å koma vekk frå Energi Norges sørgelege syn: «Energibransjen frykter energisparing. EUs mål om 20 prosent energieffektivisering bør ikke gjelde Norge» (Teknisk Ukeblad 15.02.2013). Dei frykta overskot av energi og låge energiprisar.

Stod 13.07.2020 som innlegg i NT24.no

Magne Vågsland og Mads Løkeland-Stai

Naturvernforbundet i Trøndelag