07.06.2018 gjorde NVE vedtak om utsetting av frist for igangsetting Ytre Vikna II vindkraftverk, utan å sende det på høyring, og utan å offentleggjera vedtaket slik at ein kunne klage på det.
Naturvernforbundet i Trøndelag og Norges Jeger og Fiskerforbund i Nord Trøndelag ser vedtaket som ugyldig, og ber Olje- og Energidepartementet i eit felles brev, om å omgjera vedtaket.
Oppsummert:
NVEs vedtak var basert på 18 år gamle konsekvensutgreiingar og forelda lovgrunnlag.
- Vedtaket om forlenging av frist for igangsetting i 7. juni 2018 var ugyldig, då det både var brot på energilova § 2.1 og naturmangfaldlova §§ 7 – 12.
Vedtaket må difor bli oppheva. - Hemmeleghaldet gjorde det i praksis ikkje mogleg å sende klage på vedtaket 7. juni 2018. Vi ser difor også vedtaket som brot på forvaltingslova.
- NVEs prosess rundt vedtaket er brot på god forvaltingsskikk, og i praksis eit hinder for folkeleg demokratisk medverknad.