Svar til dette lesarinnlegget frå energidirektør Kenneth Brandsås i NTE i Namdalsavisa 24.03.2020: "Det må produseres mer fornybar energi, og det må spares". Vi held fast på at Ytre Vikna vindkraftverk er unødvendig og naturskadeleg.

Ytre Vikna vindkraftverk er unødvendig og naturskadeleg

Kenneth Brandsås i NTE skriv i svar til oss, at ein i tillegg til energisparing må ha meir vindkraft, og viser til at Thema Consulting hevdar at vi må ha 79 TWh kraft for å fase ut fossil energi i 2050. Dette talet inkluderer elektrifisering av sokkelen, som ikkje er eit klimatiltak. Vi reknar i tillegg med at Brandsås er samd i at vi kan vente til 2040 med å vurdere behovet i 2050, i staden for å bruke eit mogleg behov om 30 år som argument for vindkraft på Ytre Vikna i dag. Vi held oss difor til Statnetts vurdering, som viser at vi kan gjennomføre «omfattende elektrifisering» utan ny vindkraft.

Det er bra at NTE engasjerer seg i oppgradering av gamle kraftverk og i energieffektive bygg, og vi ber NTE forsterke dette arbeidet. Vi må ikkje undervurdere potensialet for energieffektivisering, og forskarar på NTNU og Sintef hevdar at det berre i bygg, er mogleg å redusere energibruken med 40 TWh innan 2040. I tillegg er det stort potensiale i industrien.

Brandsås gjer eit poeng av at forbruket av kraft er større enn produksjonen i Trøndelag i dag, men kva er problemet med det? Det er meir enn nok kraftliner frå nord og sør til dekke behovet i følgje Statnett. Fylkeskommunens statistikk seier i tillegg: «Trøndelag i 2020 vil gå fra å ha et underskudd på kraft og til å ha et overskudd.» Kraftsituasjonen i Trøndelag kan difor ikkje brukast som argument for Ytre Vikna, eller andre nye vindkraftverk.

Vi har utarbeidd scenario for å skaffe fornybar energi i 2030 og 2040, som viser at vi kan fase ut fossil energi og i tillegg ha mykje energi tilgjengeleg for utvikling av industri etc. Vilkåret er at det verkeleg blir satsa på energieffektivisering. Kvite sertifikat for energieffektivisering til erstatning for dagens elsertifikat, kan vera eit viktig tiltak.

Scenario for 2030 og 2040.
Energi vist som TWh (dagens elproduksjon er ca 145 TWh).

2030

2040

 Ny og frigjort energi

10

30

Sparing i bygg. (Regjeringa lover 10 TWh i 2030)

5

10

Energieffektivisering i industri og anlegg

8

15

Rehabilitering av gamle kraftverk

5

7

Auka nedbør og milde vintrar (frå NVE)

10

10

Kraftverk under bygging.

14

14

Dagens normale kraftoverskot (ifølgje Statkraft)

52

86

Tilgjengeleg fornybar elektrisitet

 

2030

2040

Bruk av energi

-2

-4

Revisjon av gamle kraftkonsesjonar

-1

-10

Nedlegging av vindkraft når konsesjonar går ut

-20

-28

«Omfattende elektrifisering» (ifølgje Statnett)

29

44

Tilgjengeleg elkraft til industri, eksport, etc

Dette er ikkje eksakte tal, men konservative anslag.

Magne Vågsland og Mads Løkeland
Naturvernforbundet i Trøndelag

Innlegget er publisert i Namdalsavisa 30.03.2020