Olje- og energidepartementet (OED) sa 24.03.2020 nei til å forlenge fristen for Andmyran vindkraftverk på Andøya. Allereie 26.03 sendte den tyske ambassadøren eit ekstremt frekt brev til OED, med trugsmål om tyske reaksjonar, med mindre tyske Prime Capital får utsett frist for å byggje det sterkt naturskadelege vindkraftanlegget. 

 

Trugsmål om rettsak og politisk etterspel

Ambassadøren kjem med trugsmål: "Jeg tror ikke at en lang rettsak i krisetidene akkurat nå hadde vært til nytte av noen av partene her. Enda mindre hvis dette igjen starter en diskusjon om en eventuelt risiko for utenlandske investeringer i Norge i energisektoren."  

Tyske Prime Capital kjøpte 16.10.2019 konsesjonen på Andmyran vindkraft frå svenske Wallenstam AB, og er eit typisk døme på korleis norske og svenske vindkraftagentar skaffar seg konsesjon, for så å selje til høgstbydande store internasjonale finansselskap.

Prime Capital forvaltar mellom anna pengar frå tyske pensjonsfond. Frå før eig dei mellom anna det enorme Raudfjell og Kvitfjell vindkraftanlegg i Troms, der dei er mellom-agent for pensjonsfondet "Ärzteversorgung Westfalen-Lippe". Denne konsesjonen kjøpte dei av norske Miljøkraft AS, og dei har sikra seg norske statsgarantiar (GIEK) på 625 millionar NOK i samband med ein avtale om kraftsal til Alcoa Norway AS frå dette anlegget.

Kven skal bestemme over norsk natur? Norske styresmakter, eller tyske?

Norsk natur er lagt ope for rasering frå tyske investorar, godt hjulpne av norske agentar. I tillegg får dei norske statsgarantiar og subsidiar (elsertifikat), og om dei ikkje får det nøyaktig som dei vil, så kjem det trugsmål om rettsak og politiske tiltak frå Tyskland.

Det tyske brevet må få ein sterk reaksjon frå regjeringa.

Les ambassadørens brev