Brev til NVE og Miljødirektoratet 04.02.2020:

Naturvernforbundet viser til miljøinformasjonslova og ber om informasjon om omfanget av forureining med mikroplast frå vindkraftanlegg. Vi er bekymra for at dette kan gje eit vesentleg bidrag til forureining med mikroplast.

  1. Kor mykje slitasjepartiklar kjem frå vindturbinar, for eksempel målt i kg/MW installert effekt/år?
  2. Kva type partiklar dreier det seg om? Plasttype, glasfiber etc, og kan dei innehalde miljøgifter?
  3. Korleis spreier desse partiklane seg?
  4. Kva krav blir stilt til vindkraftselskapa når det gjeld oppsamling av støv frå vedlikehaldsarbeid på turbinane, både når det gjeld turbinvengane og tårnet?


Partiklar frå vindturbinar kan innehalde miljøgifter og kan utgjere ein fare for miljøet. I forureiningslova
definerast forureining som «tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vann eller i grunnen som er
eller kan være til skade eller ulempe for miljøet».