Naturvernforbunda i Trøndelag sendte 15.03.2016 klage til ESA over at Fosen vind fekk gratis tilkopling til Sentralnettet. Dette representerte ei kraftig subsidiering av akkurat dette prosjektet, og slik sett i strid med EUs regelverk. Etter ein del korrespondanse att og fram, avviste ESA klagen 24.04.2017

 


EFTA Surveillance Authority (ESA)
Rue Belliard 35
B- 1040 Brussels
Belgium
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

(Dette er ei omsetting av den engelske versjonen av klagen som ESA mottok 15.03.2016)

Klage:

Noreg gir omlag NOK 4 milliardar som ein ekstra stønad til vindprosjekt i Trøndelag.  Vi hevdar at denne stønaden bryt med EUs generelle marknadsreglar.  

Eit vindkraftkonsortium som består av Statkraft, Trønderenergi og Nordic Wind Power planlegg 6 vindkraftanlegg i Trøndelag, med totalt 100MW installert effekt og ein årleg produksjon på 3,4 TWh. Desse vindkraftanlegga kjem til å få ein offentleg stønad på om lag NOK 0,15/kWh i 15 år som eit tillegg til marknadsprisen på straum, ein stønad som blir gjeve til alle nye fornybare kraftverk i Noreg og Sverige som blir sett i drift før 2021.  Vi aksepterer at denne stønaden sannsynlegvis er innafor marknadsreglane i EU.

Klagen vår dreier seg om ein ekstra stønad på om lag NOK 4 milliardar, som vil bli gjeve til konsortiet gjennom fri tilkopling til det norske sentralnettet med nye 420 KV kraftliner.  Den generelle regelen i Noreg er at tilkoplingar av nye kraftverk til sentralnettet skal bli betalte av eigarane av kraftverka, men i dette tilfellet skal tilkoplingane bli betalte av Statnett, eigaren av sentralnettet.

Vi hevdar at denne ekstra stønaden på NOK 4 milliardar bryt med EUs marknadsreglar om rettferdig konkurranse.

Klagarar

Naturvernforbundet  i Sør Trøndelag

Sandgata 20
7012 Trondheim
Norway
e-mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
phone: +47 40248084

 

 

Fylkeslaga i Trøndelag av:

Naturvernforbundet
(Friends of the Earth Norway)

Norsk miljøorganisasjon

http://naturvernforbundet.no/?lang=en_GB

Naturvernforbundet  i Nord Trøndelag

Sandgata 20
7012 Trondheim
Norway
e-mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
phone: +47 40248084

 

 

Konfidensialitet

Vi gir EFTA Surveillance Authority rett til å offentleggjera kven vi er, i kontakt med styresmaktene i Noreg.

 

Detaljert klage

Er den planlagde 420 KV kraftlina; Namsos – Storheia – Snillfjord – Trollheim; nødvendig for å styrke sentralnettet, eller representerer den kraftlina ikkje anna enn tilkoplingar til sentralnettet frå fire vindkraftanlegg på Fosen og dei to vindkraftanlegga i Snillfjord og Hitra?

  • Dersom den planlagde kraftlina berre representerer vanlege tilkopling til sentralnettet, så skal vindkraftselskapa betale for tilkoplinga.
  • Dersom den planlagde kraftlina representerer ei nødvendig styrking av sentralnettet, då kan kraftlina bli betalt va Statnett, eigaren av sentralnettet.

 

Pågåande styrking av sentralnettet i Midt Noreg

Statnett er i ferd med å oppgradere fleire høgspentliner i området frå 300 kV to 420 kV, noko som gir ein vesentleg auke i transportkapasiteten (vi viser til illustrasjonen):

  • Namsos – Verdal – Klæbu
  • Klæbu – Trollheim
  • Planlagd oppgradering frå Namsos til Røssåga (270 km).

Det går ei eksisterande 420 kV kraftline frå Klæbu til Trollheim i parallell med den gamle 300 kV lina.  Når 300 kV lina frå Klæbu til Trollheim er ferdig oppgradert til 420 kV, vil det vera to parallelle 420 kV liner frå Klæbu til Trollheim, med stor kapasitet, og god reserve ved feil.

Med andre ord, sentralnettet i Midt Noreg vil vera sterkt, med god reserve ved feil, spesielt medrekna koplinga til det svenske nettet (420 kV) frå Klæbu og i nord frå Røssåga.

Illustrasjon:  Eksisterande og planlagde 420 kV liner i Midt Noreg

Utan ny vindkraft blir det ikkje bygget  ny kraftline av Statnett

Statnett krev eit investeringsvedtak på totalt 1000 MW vindkraft i Fosen og Snillfjord/ Hitra som eit vilkår for å byggje ei ny kraftline; Namsos – Storheia – Snillfjord – Trollheim.  Utan vedtak om å byggje minste 1000 MW vindkraftanlegg mellom Fosen og Snillfjord/ Hitra), vil Statnett ikkje byggje ei ny line.

Med andre ord, Statnett har ikkje eit generelt behov for å styrke sentralnettet i Trøndelag.  Den pågåande oppgraderinga av eksisterande kraftliner er tilstrekkeleg.

1000 MW ny vindkraft skal bli transporter utan kopling mellom Storheia og Snillfjord

Nye vindkraftinstallasjonar må vera operative før slutten av 2021 for å få den generelle stønaden på om lag  NOK 0,15/ kWh frå fornybaravatalen mellom Noreg og Sverige.  Dette vil seia at installasjonane i Fosen og Snillfjord/ Hitra må vera operative og kopla til sentralnettet før 2021.  TIlkoplinga vil skje ved hjelp av to radielle kraftliner:

  • Frå Storheia ti Namsos for å kople på fire installasjonar på Fosen (750 MW)
  • Frå Snillfjord til Trollheim for å kople på dei to anlegga i Snillfjord og Hitra  (250 MW)

Det eksisterande (og oppgraderte) sentralnettet mellom Namsos og Trollheim (og Namsos – Røssåga) vil ha tilstrekkeleg kapasitet til å transportere den nye vindkrafta utan ei ny kraftline frå Storheia til Snillfjord.  Når ein legg til koplinga til Sverige, vil det også vera ein god reserve ved feil i nettet.

Samankopling mellom Storheia og Snillfjord i 2028

Som vist i føregåande del, skal dei nye vindkraftanlegga på 1000 MW bli kopla til sentralnettet gjennom dei to separate kraftlinene Namsos – Storheia og Snillfjord – Trollheim, utan behov for ei kraftline mellom Storheia og Snillfjord.

I følgje Statnetts plan, vil dette vera den normale situasjonen i 7 år:

  • Den radielle tilkoplinga frå Fosenanlegga til Namsos og den radielle tilkoplinga frå Snillfjord til Trollheim blir sett i drift saman med vindkraftanlegga før 2021.
  • Lina mellom Storheia og Snillfjord er planlagd å bli sett i drift først i 2028

Statnett sendte ein søknad til Olje- og Energidepartementet for å utsetja idriftsettinga av lina mellom Storheia og Snillfjord til 2028.  Statnett er pålagd å byggje denne lina for å få lov til å klassifisere kraftlina Namsos – Storheia – Snillfjord – Trollheim som ein del av sentralnettet.

Olje- og Energidepartemnetet aksepterte utsetting av Storheia – Snillfjord lina til 2028, og skriv:

Statnett mener en vindkraftutbygging på Fosen, større enn det nettløsningen Namsos-Roan- Storheia kan håndtere, er det som tidligst kan utløse behovet for strekningen Storheia-Snillfjord. [1].

Med andre ord, det viktigaste formelle argumentet for å byggje den nye kraftlina, er at den vil opne for å kunne kople på fleire vindkraftanlegg i regionen etter 2021.

Særs lite truleg med nye vindkraftanlegg etter 2020

Statnetts formelle argument for den nye kraftlina har eit dårleg grunnlag, ettersom nye vindkraft­anlegg etter 2021 ikkje vil få den generelle stønaden på om lag NOK 0,15/kW, ein stønad som er avgjerande for økonomien til selskapa.  Også med ein stønad på NOK 0,15/kW, har det vist seg vanskeleg, for ikkje å seia umogeleg, å oppnå god økonomi, ettersom dei fleste prognosane for prisen på elektrisk kraft fortel om eit varig lågt prisnivå i mange år framover.

Den norske regjeringa har slått fast at det er uaktuelt å forlenge avtalen med Noreg og Sverige om dei fornybare el-sertifikata (marknadsprisen er no på om lag NOK 0,15/kWh).  Hovudorganisasjonane for kraftselskapa i Noreg og Sverige har åtvara mot nye subsidiar for vindkraft.  Deira argument er at det vil bli øydeleggjande for elektisitetsmarknaden. 

Med andre ord, situasjonen i elektristetsmarknaden og at det ikkje blir vidareført stønad til nye vindkraftanlegg, gjer det veldig lite sannsynleg at det vil bli bygget nye vinkdraftanlegg på Fosen etter 2021, og dette vil seia at Statnett i dag ikkje har grunnlag eller behov for å byggje ei kraftline mellom Storheia og Snillfjord som del av sentralnettet.  Denne situasjonen vil kunne vare i mange år, om ikkje for alltid.

Konklusjonar

  1. Sentralnettet i Trøndelag er sterkt, og med god reservekapasitet i tilfelle feil, og med ekstra styrke på grunn av god tilkopling til det svenske nettet. Det er ikkje behov for ei ny parallell 420 kV kraftline.
  2. Dei nye 1000 MW vindkraftanlegga i Trøndelag vil bli kopla til sentralnettet gjennom to separate radielle kraftliner, og det eksisterande og oppgraderte sentralnettet er tilstrekkeleg til å transportere denne nye krafta.
  3. Situasjonen i elektrisitetsmarknaden og dei fleste prognosane for framtidig prisnivå gjer det lite sannsynleg at det vil bli bygget nye vindkraftanlegg i Trøndelag utan den ekstra stønaden på ca NOK 0,15/kWh gjennom fornybare el-sertifikat.
  4. I denne situasjonen er det ikkje behov for å ei ny kraftline mellom Storheia og Snillfjord som del av sentralnettet.
  5. Dei to radielle kraftlinene mellom Storheia og Namsos, og mellom Snillfjord og Trollheim er ordinære tilkoplingar frå vindkraftanlegg til sentralnettet, og må bli betalt av vindkraftselskapa. Å definere desse linene som del av sentralnettet er ikkje gyldig. I tidleg fase av vindkraftanlegga på Fosen vart det også sagt at tilkoplingane skulle bli betalte av kraftselskapa, men dette vart endra seinare.
  6. Kostnaden av ei line Namsos – Storheia – Snillfjord – Trollheim er estimert til omlag NOK 5.5 milliardar. Kostnaden for dei to radielle liene, Namsos – Storheia og Snillfjord – Trollheim kan bli omlag NOK 4 milliardar.
  7. Dersom desse kraftlinene blir betalt av Statnett (og straumkundane), representerer verdien av desse kraftlinene på om lag NOK 4 milliardar, ein ekstra økonomisk stønad som ikkje blir gjeve til andre vindkraftselskap eller vasskraftselskap, og dette vil vera eit brot på dei generelle marknadsreglande i EU.

 

Helsing

 

Steinar Nygård

Leiar av Naturvernforbundet i Sør Trøndelag

Rune Logstein

Leiar av Naturvernforbundet i Nord Trøndelag

 

Vår kontakt i samband med klagen:

Mads Løkeland
Phone: +47 95056726
Mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

[1] Olje- og Energidepartementet, Utsatt idriftsetting av ny 420 kV kraftlinje Storheia – Snillfjord, 17.04.2015.

 

Aktuelle dokument: