Professor Kristoffer Rypdal harselerte over vindkraftmotstand.
I Tromsø 10. desember 2019 har eg ein kommentar til dette:

Rypdal argumenterer 07.12 mot det han kallar tvilsame påstandar om vindkraft, men korleis er det med det han sjølv skriv?

 

Eg vil nøye meg med å ta for meg ein tvilsam påstand og ein vesentleg mangel i det Rypdal skriv. Når det gjeld alternativ til vindkraft, skriv han: «det er for lengst tilbakevist at vi kan oppnå det samme ved å oppruste vannkraftverkene.   Potensialet uten å øke vannføringen i kraftsystemet, med resulterende store naturinngrep, er 3–5 TWh.» Ukjend for meg at kunnskapen om at det er mykje å hente ved opprusting av gamle vasskraftverk er tilbakevist. Utan å ha gjennomført ei konkret vurdering, kom NVE med talla 3 – 5 TWh. Opp mot dette har landets fremste miljø på vasskraft, Hydrocen i Trondheim, gått gjennom ei rekke prosjekt og gjennomført ei vurdering av potensialet for oppgradering. Konklusjonen deira er eit potensiale på 20 – 30 TWh. Etter fleire samtalar med folk på Hydrocen, er mi vurdering at opp mot 15 TWh er eit sannsynleg tal for kva ein kan oppnå utan vesentlege nye naturinngrep.

Fase ut fossil energi utan nye kraftverk

Så har vi det store potensialet for energisparing som Rypdal hoppar over. Regjeringa (Granavolderklæringa) har lovt: «Realisere målet om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030.» og: «Leggje til rette for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi». Det vi foreløpig saknar, er langt sterkare tiltak for å få til dette, i staden for den ekstreme satsinga på vindkraft. Men vi ser nokre lovande tiltak, som Elkem Salten, som aleine kjem til å frigjera 0,27 TWh med energigjenvinning. I tillegg til det vi kan hente ut ved energisparing/ energieffektivisering og oppgradering av gamle kraftverk, kjem dagens krafteksport og auka produksjon på grunn av meir nedbør.  I alt blir det nok kraft til å fase ut fossil energi i Noreg i stor stil, utan nye vindkraftverk. Det er god klimapolitikk.

Statnett: store tap ved krafteksport

Når det gjeld å forsyne Europa med kraft, så er det langt betre med kraftverk nær dei som skal ha krafta, enn å sende den gjennom lange kraftliner med store tap og produsert med store naturinngrep i Noreg. Her vil eg sitere frå Statnetts nettutviklingsplan 2019: «Det er trolig ikke lønnsomt å legge til rette for å kunne transportere store mengder vindkraft.» «Utover i tid ser vi også at den enorme utbyggingen av vindkraft og solkraft i Nord-Europa reduserer verdien av vindkraft også i Norge.  Dessuten er det knyttet relativt store tap til overføring av kraft over store avstander.»

Eg håper Rypdal kan slutte seg til oss som agiterer for energisparing/ energieffektivisering i staden for ny kraftproduksjon for eksport.