Olje- og energiminister Freiberg la nyleg fram ei liste for Stortinget over kva det kostar med ulike former for energiproduksjon.  Vindkraft på land var det rimelegaste, ca 35 øre/kWh, basert på «innrapporterte kostnader fra vindkraftverkene som ble bygget i 2018». Dette er misvisande når vi tenkjer over kva Freiberg ikkje har med: Verdien på øydelagd natur, kostnaden ved balansering av ustabil kraft, tap av turistinntekter, bygging av kraftliner etc. Dei som eig vindkraftanlegga slepp unna slike samfunnsmessige kostnadar.

 

Naturen har verdi i seg sjølv, og kan vanskeleg bli fastlagt i kroner og øre. Kor stor pris skal ein setja på tap av leveområde, den viktigaste årsaka til tap av variert liv/ naturmangfald?  Naturen har i tillegg direkte verdi for oss menneske, blant anna som friluftsområde, både fysisk og psykisk, og som grunnlag for turisme etc. NOU 2013:10 «Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester» har mange forslag om verdsetting av natur, men enno blir tap av natur sett til null når ein reknar prisen på vindkraft.

Vindkraft varierer med vinden, og i Noreg klarer vi hittil å balansere dette ved hjelp av vasskraft med magasin. Men ikkje utan problem, og ikkje utan kostnad. Hyppig regulering av vasskrafta gir varierande vassføring i elvene, til skade for livet der, slik vi opplevde i Orkla i sommar, der lakseyngel stranda på tørt land. Hyppige reguleringar gir også større slitasje i vasskraftverka. Dyrare former for balansering, som batteri, blir også i aukande grad teke i bruk. Balansering av vindkraft er langt frå gratis, og må bli rekna inn i prisen for slik kraftproduksjon.

Kva øydelagd natur vil ha å seia for turisme, er heller ikkje vurdert, men når det gjeld å byggje kraftliner for å få fram vindkrafta, så finn vi ei vurdering i Statnetts nettutviklingsplan 2019: «Det er trolig ikke lønnsomt å legge til rette for å kunne transportere store mengder vindkraft». Men at det er kostbart, og ei subsidiering av krafteksport å sleppe laus vindkrafta på land, kjem ikkje fram i Freibergs tall til Stortinget. Oppsummert, ser vi at reell kostnad for vindkraft på land er langt større enn det som kraftselskapa må betale, med ein stor samfunnsmessig kostnad som blir halde skjult.

Det store alternativet

Regjeringa har lovt å «Leggje til rette for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi» og  «Realisere målet om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030.» Dette er det store, og miljømessig gode alternativet til å byggje ned Noreg med vindkraft, men kvifor er det hittil gjort så lite for å oppfylle løftet?  Eg utfordrar regjeringa til å stanse bygginga av vindkraft på land og setja fart på tiltak for å gjennomføre løftet om storsatsing på energieffektivisering og energisparing.

 

Mads Løkeland-Stai

Naturvernforbundet i Orklaregionen