Equinor skal byggje eit anlegg for flytande havvind ved Gullfaks i Nordsjøen, til 5 milliardar kroner. Det skal forsyne Gullfaks og Snorre med elektrisitet, og ha ei levetid på 20 år, og blir i hovudsak betalt av staten. Kva blir den totale klimarekneskapen for Hywind?

Lat oss stille to spørsmål:

  1. Kva er den totale klimarekneskapen for dette prosjektet?
  2. Kven betaler gildet?

Total klimarekneskap

Utsleppet av klimagass skal bli redusert med 200.000 tonn i året ved at 35% av gassen som blir brukt til kraftproduksjon blir erstatta med vindkraft. Den sparte gassen er planlagd selt til Europa. Gullfaks er eit oljefelt frå 1986, der levetida blir forlenga ved å bruke mykje energi på å presse vatn ned i grunnen for å få ut meir olje. I juni 2019 vart det godkjent eit nytt prosjekt for å injisere enno meir vatn for å få ut ytterlegare 17 millionar fat olje.

Hywind Tampen er økonomisk gunstig for Equinor, og vil vera med på å gjera det mogleg å halda fram med å hente ut meir olje frå Gullfaks.

Kva bør med i ein total klimarekneskap?

  • Den sparte gassen som blir brent i andre land?
  • Ytterlegare olje som vindkraftanlegget vil hjelpe Equinor til å utvinne, og som blir brent i andre land?
  • Anlegget blir lagt på skrå av kotane på havbotnen for å spare litt investering i kabel, slik at det effektivt hindrar fiske i området, og vil presse trålarane til å gå lengre ut. Dette gir auka utslepp av klimagass.

Det bør bli laga ein total klimarekneskap for anlegget, som også omfattar inter­na­sjo­nale utslepp.

Kven betaler gildet?

  • 2300 mill: Enova
  • 566 mill: NOx-fondet
  • 1600 mill (Ca): Avskriving som følgje av oljeskatteregimet (betalt av staten)

Det Equinor og partnarane sit att med av kostnad er anslått til å bli rundt 470 mill, eller berre ca 9% av den totale investeringskostnaden[1].

Teknisk ukeblad seier det slik: "Etter avskrivninger og NOx-støtte sitter dermed Equinor knapt igjen med utgifter overhodet. Etter 6 års driftstid, vil vindturbinene være nedbetalt, og fortsette å spare operatørene for CO2-avgift, klimakvoter og gass, til en årlig verdi i hundre millioner kroners klassen.[2]"

Havenergilov eller petroleumslov

Havenergilova frå 2014 har vilkår, som mellom anna regulerer samspelet med fiskerinæringa og andre næringsinteresser. For Hywind Tampen har ein hoppa bukk over havenergilova, og gjort det til eit tiltak innafor petroleumslova. Der er det andre miljøkrav, og det opnar for massive subsidiar frå staten. Med dei store subsidiane som Equinor får på Hywind Tampen, så kan dette gje føringar for at også andre prosjekt må få tilsvarande vilkår for at ESA skal godta det. Kvifor har Noreg vedteke ei havenergilov når den ikkje skal blir brukt for å regulere havenergi?

Oppsummert?

Dette blir kalla ein lovande norsk inntreden på havvindmarknaden, men …?

Kan ein altrnativt seia at dette er eit statleg betalt anlegg for å auke norsk produksjon av olje og gass, med totalt sett negativ klimaverknad, til skade for fiskeria og som i tillegg gir Equinor større inntekter ved å forlenge klimafiendtleg oljeproduksjon?

 

[1] https://e24.no/energi/i/VbedX6/hywind-tampen-prosjektet-faar-23-milliarder-i-enova-stoette

[2] https://www.tu.no/artikler/hywind-tampen-kan-bli-lonnsom-for-equinor-soker-likevel-milliardstotte-av-staten-br/458885