Stod som innlegg i Klassekampen 7. august 2019

Gir norsk eksport av fornybar energi redusert utslepp av klimagass i Europa?

NVE og mange andre hevdar dette, men stemmer det i praksis? Lat oss bruke Tyskland som eksempel. Tyskland har satsa sterkt på vind, sol og bio, og spesielt i etter 2009 har den fornybare elproduksjonen gått kraftig opp. I følgje teorien skulle då den fossile produksjonen og utsleppa gå ned, men det har ikkje skjedd.

Den fossile tyske elproduksjonen har også auka ein god del. Samtidig har det tyske innanlandske forbruket av straum auka kraftig i perioden og Tyskland blitt Europas største krafteksportør. Det store tyske energiselskapet RWE, seier at gamle kolkraftverk må stå klåre til innsats for å sikre kraftforsyninga når det er lite vind og sol. Av økonomiske og tekniske grunner blir desse forureinande kraftverka haldne i drift ein del ut over dette behovet, og bidrar til den store tyske eksporten.

Vi skulle også vente oss at den store auken i fornybar energi i Tyskland i perioden 2009 – 2017 skulle redusere det tyske utsleppet av klimagass, men dette har stått fullstendig stille. I 2018 gjekk det noko ned, men fleire hevdar at årsaka er ein tilfeldig, varm vinter. Som bevis på god tysk klimapolitikk har det vore vist til at utsleppa av klimagass har gått ned med 30% sida 1990, men det har heilt andre årsaker. Samanbrotet i den austtyske industrien etter murens fall er hovudforklaringa på denne nedgangen. Etter 2009 har utsleppa stått stille, og kva som skjer i Tyskland er viktig i EU, der landet står for 22% av utsleppet av klimagass.

Ein kan også stille spørsmål ved Tysklands store import av palmeolje, der over 40% blir brukt som biobrensle. Brenning av importert palmeolje blir rekna som null-utslepp i Tyskland, men globalt er det klimagalskap.

Oppsummert ser vi at ein sterk auke i tysk produksjon av fornybar energi hittil har ført til større forbruk og ikkje redusert fossil elproduksjon. Både fossil  og fornybar el-produksjon har auka samtidig.

Er det grunn til å tru at Norsk eksport av fornybar kraft til den tyske marknaden får ein annan skjebne enn fornybar kraft frå auka  tysk produksjon med vind og sol? Hittil har dette ikkje bidratt til  redusert elproduksjon med fossilt brensle, og heller ikkje til redusert utslepp av klimagass. Meir energi har ført til auka forbruk.

 

Mads Løkeland-Stai

Leiar av Naturvernforbundet i Orklaregionen