Naturvernforbundet i Orklaregionen sendte 26.06.2019 høyringsuttale til NVE, om at Statkraft har søkt om utsetting av konsesjonen for å byggje vindkraftanlegg på Remmafjellet i Snillfjord, ikkje langt frå Geitfjellet som Statkraft har under bygging.

Naturvernforbundet skriv:

Vi viser til søknad om endring av konsesjon for Remmafjellet vindkraftanlegg frå Statkraft av 08.03.2019, med søknad om utsett idriftsetting til 31.12.2024.  Vi krev at søknaden blir avvist og konsesjonen trekt attende.

Vi har oppfatta det slik at søknaden formelt sett ikkje er sendt på høyring enno, men vi ønskjer allereie no å uttrykke vårt syn. Vi kjem eventuelt attende med tilleggsuttale når søknaden blir sendt på høyring.

Den opphavlege konsesjonen vart gjeve med grunnlag i ei konsekvensutgeiing om naturmiljø frå 2010 (Ask rådgivning) og konsesjonsbehandling i perioden 2010-2013. Etter den tid har det kome ny informasjon om konsekvensar for naturmiljøet som ikkje vart vurdert på den tida, og som må bli vurdert i dag som grunnlag for å vidareføre/ utsetja konsesjonen.  Det er i tillegg grunnlag for kritikk av det gamle vedtaket om konsesjon, og den seinare klagebehandlinga i departementet når det gjeld konsekvensar for flaggermus, som ikkje vart vurdert i det heile tatt.

Krav om god og tilstrekkeleg utgreiing blir slått fast i forvaltingslova § 17: «Forvaltningsorganet skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes» og naturmangfaldlova § 8 om kunnskapsgrunnlag. Ved mangelfull kunnskap trer også nml § 9, føre- var prinsippet inn. I tillegg stiller nml § 7 krav til pliktmessig vurdering av samtlege paragrafar, nml §§ 8 – 12.

Les heile den detaljerte høyringsuttalen