Naturvernforbundet i Trøndelag hadde ei triveleg sommarsamling på Drageid leirskole i Osen, 21. - 23. juni 2019 med mange engasjerte folk. Det var foredrag om naturmiljøet i kystområdet, poetisk skildring av kysten, evolusjonsbiologi, turar i området og ikkje minst om nedbygginga av Sørmarkfjellet med vindturbinar.

Som eit ledd i kampen for å verne trøndersk natur mot nedbygging var det foredrag om energi, energieffektivisering og den store mangelen på reelle utgreiingar om naturmiljøet og landskapet som går tapt ved utbygginga. Les foredragets presentasjon.