FNF Trøndelag hadde planleggingsmøte om kampen mot vindturbinar og forslaget til nasjonal ramme spesielt.

Underteikna hadde innleiing om vindkraft, utanlandskablar og om store kunnskapshol når det gjeld korleis vindkraftanlegga påverkar natur og landskap.

Kunnskapshola er mange, og sannsynlegvis er fleire av konsesjonsvedtaka ulovlege etter forvaltingslova og naturmangfaldlova:

  • Inga vurdering av flaggermus, som Noreg er forplikta til å ta sterkt omsyn til gjennom tilslutning til EUROBATS. 10 - 15 drepne/ turbin/ år, og opp til 100 for enkelte turbinar og artar. Blir drepne av trykkbølgjer, ikkje så mykje direkte treff.
  • Ingen norsk kunnskap om fuglar og vindturbinar, bortsett frå havørn på Smøla. I andre land er statistikken 5 - 10 fuglar drepne/ turbin/ år. Mest i store turbinar
  • Inga vurdering av tap av insekt. ca 24 kg/ MW/ år om ein reknar på tyske tap. Eit 150 MW anlegg i Noreg vil då gje tap av 3,6 tonn/ år. Kva vil det ha å seia for dyr som har insekt på menyen: Flaggermus, fuglar, froskar og smågnagarar?
  • Inga vurdering av korleis lys på turbintoppane vil påverka fuglar etc
  • Svak vurdering av korleis tap av leveområde vil påverka artsmangfaldet
  • Inga vurdering av risiko for forureining frå anlegga
  • Svak vurdering av risiko for iskast, og inga vurdering av andre risikofaktorar ved anlegga
  • Feilaktige vurderingar av Hubro: Treng langt større areal enn antatt. I følgje nyare internasjonal forsking er dei sterkt utsette for direkte treff, mens NVE hevdar at dei flyg så lågt at det ikkje er problem.

Les presentasjonen