Her vil det etter kvart bli lagt nokre dokument frå Naturvernforbundets arbeid mot vindkraftplanar i Midt Noreg frå 2009 og tidlegare.

1: Ein skremmande gjennomgang av dei ekstreme planane som var ein periode for over 10 år sidan. Vi trudde at mykje av dette vart gjeve opp. No ser vi dessverre at ein del av desse anlegga blir grave fram att. Vi rekna oss fram til at 804 km2 inngrepsfri natur kunne gå tapt.

2: Naturvernforbundets høyringsfråsegn til forslaget om fylkesdelplan vindkraft, 30. mars 2008: "Planane for vindkraftutbygging er så omfattande at dei vil kunne innebera det største naturinngrepet vi har sett i Midt Noreg nokon gong."

3: Innleiing på møte om vindkraft i Hemne, 3. juni 2008 (Spesielt om Heimsfjellet, som no kan vera under trussel på nytt). Eit sitat frå innleiinga: "Den største raseringa av norsk natur langs kysten nokon gong, under dekke av klimatiltak. - Uante konsekvensar for naturen."

4: Innleiing på møte om vindkraft i Aure, 8. april 2008, med tittelen "En vindmøllefri Aure kommune".

5: Er Høgre mot vern av norsk natur? Stod som innlegg i Adresseavisa 4. april 2009. "For oss representerer fylkesdelplan vindkraft ein plan som vi fryktar at kan medføre det største enkeltinngrepet i kystnaturen i Sør Trøndelag nokon gong."

6: Uttale til søknad om Roan vindkraftanlegg, 14. oktober 2009. "Inngrepa som følgje av Roan vindkraft er store og øydeleggjande for natur, biologiske mangfald og friluftsliv."