16. mai 2019 var monteringa av anlegget mitt i Orkdal ferdig, og produksjonen i gang. Taket vendar mot sør-aust, med andre ord ikkje optimalt, men det ser ut til å gje god effekt likevel.

Taket er ikkje så stort, så det var berre plass til ein installasjon er på 3,9 kW, med forventa årsproduksjon på 3,8 kWh.  I løpet av dei to første vekene vart det produsert 208 kWh, med ein god del dagar med regn oo overskya.

Orkland Energi står for leveransen, og kjøper den energien som eg ikkje bruker i øyeblikket (har ikkje investert i batteri).

Det er mange tak i Noreg, og det er antyda 13 TWh total energiproduksjon om halvparten av sørvendte tak får solceller. (13 TWh er ca 9% av dagens norske elproduksjon).

California har vedteke obligatorisk installasjon av solceller på alle nye bygg frå 2020: Teknisk ukeblad 11.05.2018