Det er størst verdi, og ingen naturinngrep, på den energien du frigjer ved sparing og energieffektivisrering
Vi må setja mål for frigjort energi
- Detaljar
Ådne Naper skriv 10.02 at vi må setja eit mål for ny kraft, for å kunne elektrifisere Noreg, fase ut fossil energi og få aksept for fleire vindkraftanlegg. Han hevdar at vi treng 80 TWh for å kunne fase ut 143 TWh fossil energi.
Dette er feil utgangspunkt. 143 TWh fossil energi omfattar også energi til olje- og gassutvinning på Nordsjøen og råvarer til industrien. Koks til smelteverka kan ikkje bli erstatta med elektrisitet, men med trekol. Elektrifisering av sokkelen er ikkje eit klimatiltak, men kan i staden gje auka utslepp. Vi reknar med at Naper er einig i det siste.
Statnett hevdar at vi treng ca 40 TWh til «omfattende elektrifisering», medrekna 12 TWh til elektrifisering av sokkelen. Ser vi bort frå sokkelen, treng vi ca 28 TWh elektrisitet, fordi 1 kWh elektrisitet kan erstatte over 2 kWh fossil energi. I tillegg kan ein del fossil energi bli erstatta utan elektrisitet, med biogass frå husdyrgjødsel, septik etc og sokalla «avansert biodrivstoff».
Slik skaffar vi kraft
Nødvendig fornybar elektrisitet får vi i første rekke ved energisparing og oppgradering av gamle kraftverk. Regjeringa lover å spare 10 TWh i bygg i 2030, og forskarar på NTNU seier at ein kan spare 40 TWh i bygg i 2040. Auka nedbør og milde vintrar gir opp mot 5 TWh ekstra kraft i 2030, og i industrien er det mange tiltak for energisparing. Elkem Salten skal aleine gjenvinne 0,27 TWh, og Eramet arbeider med tilsvarande. Det er stort potensiale også andre stadar, og varmepumper for høg temperatur er på full fart inn i industrien.
Vassdragsmiljøet på NTNU har anslått 20 - 30 TWh ny kraft frå gamle kraftverk, men for å unngå uakseptable naturinngrep kan vi nøye oss med å rekne med 12 TWh. På toppen har vi dagens kraftoverskot på 10 – 14 TWh, og kraftverk under bygging på 12 TWh. Samanlagt, kan vi ha godt over 50 TWh frigjort og ny kraft tilgjengeleg i 2030 utan å byggje fleire kraftverk, og meir i 2040. 28 TWh trengst for «omfattande elektrifisering» (Statnett), og vi får samtidig kraft tilgjengeleg for ny industri, nedlegging av gamle vindkraftverk (ikkje minst Smøla-anlegget) og andre formål.
Har vi råd til energisparing?
Enova 2013: «Det er beregnet at det må investeres rundt én milliard per innspart TWh» (Teknisk Ukeblad 27.04.13). I 2020-kroner er dette 1,2 milliardar/ TWh. Trønderenergi reknar investering på 8,5 mill/MW vindkraft i søknaden for Svarthammaren i 2019. Det svarer til ca 2,7 mill/TWh ny kraft. Med andre ord, over dobbelt så dyrt å investere i ny vindkraft som i energisparing. Zero kalkulerte i 2017 med samfunnsøkonomisk gevinst på 80-90 milliardar ved å spare 10 TWh i bygg i 2030, og anslår samtidig 10.000 nye, varige arbeidsplassar. Ein dansk rapport reknar med at Danmark kan spare 160 milliardar på å satse sterkt på energieffektivisering og ikkje berre satse på ny energi.
Å spare 10 TWh i bygg i 2030 og 40 TWh i 2040, og tilsvarande satsing i industrien, krev langt sterkare tiltak enn regjeringa har lagt på bordet. Sokalla kvite sertifikat, med premiering av energisparing, kan bli sentralt. Oppgradering av gamle kraftverk må få heilt andre økonomiske vilkår enn i dag, med støtte retta inn mot oppgradering og ikkje ny vasskraft. Vi må våge å setja høge mål for energieffektivisering/ energisparing, og stanse den uvettige nedbygginga av norsk natur med vindkraft.
Magne Vågsland og Mads Løkeland-Stai
Naturvernforbundet i Trøndelag