D
et er størst verdi, og ingen naturinngrep, på den energien du frigjer ved sparing og energieffektivisrering

Bessakerfjellet 2008, foto: Mads Løkeland-Stai

Energieffektivisering er løysinga

Redusert energibruk/ energieffektivisering er ikkje populært i kraftbransjen, då kraftselskapas inntekter er avhengig av kor mykje kraft dei kan selje, og kor høge prisane er.

Espeset (Tafjord kraft) bruker hovuddelen av innlegget sitt i Firda, til å så tvil om energieffektivisering. Det blir alt for dyrt, er gjennomgangstonen hans. For å få nok kraft til å fase ut fossil energi, må ein ha meir vindkraft etc. Beviset til Espeset er kor kostbart det vil bli i hans eige hus.

Vi ser det som eit betre grunnlag å gå til ei utgreiing som NVE nettopp har lagt fram, om kostnadane ved energieffektivisering i bygg, i småhus, burettslag og næringsbygg.

Med grunnlag i dagens elprisar, skriv NVE følgjande (29.06.21): «I analysen om potensiale for effektivisering i bygg, anslår NVE et lønnsomt potensial på opp mot 13 TWh. Dette tilsvarer 10 prosent av Norges strømforbruk».

I NVEs rapport er utrekningane basert på fleire ulike sokalla internrenter, og 13 TWh sparing er basert på 12% internrente. 12% er eit ganske høgt rentenivå, og om ein i staden bruker 6% internrente, blir det lønsame potensialet, utan stønad, heile 17 TWh. I tillegg til dette, kjem effekten av nye varmepumper og solceller på tak. Varmepumpeforeninga hevdar at ein kan oppnå 7,5 TWh som effekt av nye varmepumper, mens NVE har lagt seg på 5 TWh. Uansett blir det vesentlege tillegg.

Ved å gje stønad gjennom Enova, kan ein auke potensialet for redusert energibruk vesentleg. Vi held fast på konklusjonen vår, at hovudgrepet for å skaffe tilstrekkeleg kraft til å fase ut fossil energi, er å satse på tiltak for energieffektivisering. Det er både økonomisk bra og skjer utan ytterlegare nedbygging av natur. Så får det heller våge seg at kraftselskapa får litt reduserte inntekter, når frigjort energi fører til noko reduserte straumprisar.

Harald Kjelstad

Mads Løkeland-Stai