D
et er størst verdi, og ingen naturinngrep, på den energien du frigjer ved sparing og energieffektivisrering

Foredrag på Sund folkehøgskole 3. desember 2020. Målsettinga var å vise at ein kan erstatte fossil energi i Noreg med fornybar energi, utan nye kraftverk.

Vilkåret er reell satsing på energieffektivisering og biogass. Det vil gje kraftig kutt i utsleppet av klimagass, utan samtidig å øydeleggja naturen. I tillegg gir det overskot av elektrisitet til utvikling av industri og til nedlegging av vindkraftverk når konsesjonstida går ut.

I tillegg bør vi sørge for å flytte ein god del av vegtrafikken og fly, over til jernbane og andre transportformer som bruker lite energi og ressursar.

Hent lysarka til foredraget

Materialbruk

Det går med mykje ressursar til produksjon av bilar (også elektriske), til vindkraft, og ikkje minst til sjøkablar.

Spesielt går det med store mengder kopar og bly til sjøkablane til Tyskland og England.

Materialbruk til sjøkablane, målt i tonn:

Koparen til kvar kabel, 20.000 tonn, svarer til eit års produksjon ved den særs omdiskuterte gruva Nussir, og vil samtidig føre til at 2 millionar tonn giftig gruveavfall blir dumpa i Repparfjorden (om gruva blir starta som planlagd).